Deutsch English version
header


Aktuelt



Om Bjerkreim
Geografi
Historie
Kart



Administrasjon



Barn og unge



Bygg og bu



Helse og omsorg



Kultur og fritid



Kva skjer?



Økonomi/Skatt



Teknisk/landbruk



Planar



Næringsliv



Gebyr og prisar



Skjema



Tenestetilbod



Kontaktinfo



Ledige stillingar



Politikk



Postliste



Turisme/friluft



Tilbakemelding



English








> Om Bjerkreim / Geografi   Utskriftsvennlig

Geografi


Bjerkreim kommune ligg mellom det flate Jæren i sør og Setesdal – vesthei og Ryfylkeheiane i nord. I sør er heiane låge og jorda godt eigna til landbruksdrift. Reiser ein nordover møter ein fjell og dalar, og lengst i nord strekker toppane seg over 900 meter. Dei høgaste toppane er Vinjakula på 907 meter og Skykula på 906 meter.

Bjerkreim ligg såleis vel plassert i ein region som ber namnet sitt med rette - Dalane.

I dei sørlege og lågare liggande delane av kommunen finn ein store areal som vert dyrka, og kulturlandskapet set sitt vakre preg. Mot nord finn ein urørte heier med mange idylliske plasser for dei som likar seg i heia både sommar, haust, vinter og vår.

Ørsdalen - foto: Alf S. Ognedal

Dalføra ligg i nordaustleg retning. Dei største dalføra er Ørsdalen og Austrumdalen. Desse dalane er prega av store vatn og steile høge fjell – vestlandsfjordane i miniatyr? Det største vatnet er Ørsdalsvatnet – 18 km langt. Dette vatnet og naturen omkring kan du oppleva ved å ta båten Ørsdølen ein søndag om sommaren. I nordvest finn ein Gloppedalsura – ei av dei største steinurene i Nordeuropa.

Ein sentral del av landskapet i Bjerkreim er Bjerkreimsvassdraget. Dei fleste av dei vatn, bekkar og elvar som finns i kommunen høyrer til dette vassdraget, som endar si ferd mot havet ved Egersund. Dei siste åra har laksefisket teke seg opp, og elva er blant dei beste fiskeelvane i Noreg.




>> Tips en venn om denne artikkelen! >>









Eiendomsskatt i Bjerkreim kommune

Søk på stikkord / ansatt:





Politiske dokumenter

Politiske dokumenter Følgjer du med i lokalpolitikken? Her kan du lese innkallingar og protokollar frå politiske møte..

ikon_tenesterTenester

Alfabetisk oversikt over dei kommunale tenestene finn du her.

ikon_tenesterBibliotek

[ Søk i bibliotekdatabasen ] [ Mine lån ]



Bjerkreim kommune


Telefon: 51 20 11 00
Faks: 51 20 11 01

Epost:
postmottak@bjerkreim.kommune.no

Postadresse:
  Postboks 17, 4389 Vikeså

Kommune nr. 1114

Org. Nr. 970 490 361

En side for barn og unge om psykisk helse

Regjeringen.no

Magma Geopark