Står du i manntalet ?
Kven har røysterett?
Ved Stortingsvalet har alle norske statsborgarar over 18 år røysterett. Det held at du fyller 18 år i løpet av valåret (2009). Du må dessutan stå i manntalet.
Står du i manntalet?
Du kan undersøkja om du står i kommunen sitt manntal når det ligg ute til offentleg ettersyn f.o.m. 27. juli t.o.m. 14. september (valdagen), på følgjande stader:
- Bjerkreim Heradshus, Vikeså
- Coop Vikeså, avd. Bjerkreim
Dersom du har flytta til kommunen dette året er det spesielt viktig å sjekka manntalet. Les her kva departementet skriv.
Du kan også sjekka manntalet på velgerinfo. Finn din kommune, skriv fødselsnummer og den koden som kjem fram, og trykk Søk, så får du opp kvar du står i manntalet. Du får også opp valkrins, vallokale og opningstid på valdagen.
Den som meinar av vedk. sjølv eller nokon andre er feil innført eller ikkje står i manntalet til kommunen, kan krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet må vera skriftleg og grunngjeve.
Adressa til valstyret er: Bjerkreim valstyre, Postboks 17, 4389 Vikeså.
Sametingsvalet
Ved Sametingsvalet har alle samar som er norske statsborgarar og som er over 18 år røysterett. Det held at du fyller 18 år i løpet av valåret. Spørsmål om kommunen sitt manntal til Sametingsvalet, kan rettast til valstyret. I Bjerkreim kommune kan veljarar som vil røysta til sametingsvalet bare røysta på førehand, ikkje på valdagen.
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




