Språkforvirring?
Kommunestyret i Bjerkreim vedtok i sak 11/03 at Bjerkreim kommune (dvs. kommuneadministrasjonen) skulle velja nøytral målform. Derfor vil du finna artiklar både på nynorsk og bokmål på sidene våre.
Det vart debatt rundt målforma i kommunen på kommunestyremøtet den 30.04.2003, og som det går fram av kopien under endra vedtaket seg frå formannskapet til kommunestyret:
Målform i Bjerkreim kommune
Forslag til vedtak:
Bjerkreim kommune vel nøytral målform for administrasjonen.
Behandling i Formannskapet - 17.03.2003:
Magne Vaule sette fram følgjande forslag: Bjerkreim kommune stadfestar nynorsk som si offisielle målform.
Rådmannen sitt framlegg falt med 4 mot 1 røyst. Deretter vart Magne Vaule sitt framlegg godkjent med 4 mot 1 røyst.
Vedtak i Formannskapet - 17.03.2003:
Bjerkreim kommune stadfestar nynorsk som si offisielle målform.
Behandling i Kommunestyret - 30.04.2003:
Marthon Skårland reiste følgjande forslag: Bjerkreim kommune vel nøytral form som målføre for administrasjonen. Ved avrøysting fekk Marhon Skårland sitt forslag 9 røyster og blei vedteke.
Vedtak i Kommunestyret - 30.04.2003:
Bjerkreim kommune vel nøytral målform for administrasjonen.
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




