Reglar for kommunale startlån
REGLAR FOR STARTLÅN I BJERKREIM KOMMUNE
1 Formål
Startlån skal bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem skal få høve til å etablera seg og bli buande i nøkterne og gode bustadar.
Husstandar med etableringsproblem er hustandar som har behov for heil eller delvis finansiering frå kommunen. Finansieringa skal gje husstanden stabile buforhold.
2 Kven kan få lån
Startlån er behovsprøvd og kan omfatta unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar, personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og andre økonomisk vanskelegstilte husstandar.
Lånsøkarar må dokumentera at husstandens framtidige inntekter og eventuelle stønadar er tilstrekkelege til å betena renter og avdrag på lån i tillegg til vanlege levekostnadar. Dokumentasjonen skal gjes i form av ein eigenvurdering av økonomien etter låneopptaket. Kommunen kan krevja ytterlegare dokumentasjon.
Søknaden vil bli avslått dersom kommunen meinar lånsøkjar ikkje vil klara framtidige betalingsforpliktelser.
Alle husstandsmedlemmer som bidreg til naudsynt inntektsgrunnlag, bør normalt også være låntakarar.
3 Kva det kan gis lån til
· Kjøp av bustad
Startlån kan gis til kjøp av bustad, anten som topp- eller fullfinansiering.
· Utbetring
Startlån kan brukast til utbetring av bustaden.
· Oppføring av bustad
Startlån kan nyttast til toppfinansiering, saman med grunnfinansiering frå Husbanken eller andre finansinstitusjonar.
· Refinansiering
Startlån kan nyttast til refinansiering av dyre lån dersom det resulterar i at husstanden får høve til å verta buande i bustaden.
· Førehandsgodkjenning
Kommunen kan gi ein skriftleg bekrefting på at lånsøkjar vil få startlån dersom søkjar finn ein egna bustad med kjøpesum innanfor eit bestemt beløp.
Kommunen vil vurdera kva behov husstanden har, både med omsyn til bustad og finansiering. Val av bustad og finansieringsløysing føresett at husstanden kan bli buande i bustaden. Uansett er det ein føresetnad at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjer kan klara å betena buutgiftene over tid og fortsatt ha naudsynte midlar igjen til livsopphald.
Nærare om bustaden
Bustaden skal være rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået i Bjerkreim.
For bustader i burettslag vil både kjøpesum og andel fellesgjeld verta lagt til grunn for vurderinga.
4 Låneutmåling - finansieringspakker
Låneutmålinga vert fastsett innafor 100% av kjøpesummen, nybyggings-, utbedringskostnadar eller bustadens verdi pluss eventuelle omkosttingar. Lånets storleik vil også, som nemnt under punkt 2, avhenge av den einskildes økonomi og dessutan annen långjevars låneutmåling.
Startlån kan verta gitt som topplån eller fullfinansiering. Som prinsipp legg kommunen til grunn at jo meir vanskelegstilt husstanden er, jo større andel av finansieringa kan være startlån. For særleg vanskelegstilte husstandar kan startlånet nyttast i kombinasjon med bustadtilskott.
5 Rente- og avdragsvilkår
Startlån vert tilbydd med utgangspunkt i Husbankens rente- og avdragsvilkår.
Normalt gjeld følgjande vilkår:
- Lånet vert gitt som annuitetslån
- Lånet løp med Husbankens til ei kvar tid gjeldande rente.
- Det kan avtalast bunden eller fast rente ut frå Husbankens fastsatte renter.
- For startlån under kr. 200.000 er normal løpetid på 18 år. Det kan i spesielle tilfelle avtalast løpetid på inntil 25 år.
- 3 år avdragsfri periode kan avtalast.
- Kvartalsvise terminar.
6 Sikkerhet for lånet
Ved startlån fastsett kommunen sjølv kva sikkerhet som skal krevjast.
7 Klageadgang
Det er høve til å klaga på kommunens vedtak om tildeling, utmåling, avvisning og avslag på lån. Klagen må være skriftleg og sendast det kontoret i kommunen som har truffet vedtaket. Klagen må vera grunngitt og skal nemna det vedtaket det vert klaga over og kva endring som vert ønska. Klagefristen er tre veker frå underretning om vedtaket er kommen fram. Dersom klagen ikkje vert gitt medhald, sendast den til kommunens klagenemnd, for tida formannskapet.
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




